![]() |
|||
![]() |
|||
| Hemsedal hotell har opna dørene att etter å ha gjennomgått ei omfattande opprusting og utbygging. Dei siste sju-åtte månadane er det investert ca. sju millionar kroner i hotellet. Etter ombygginga framstår hotellet med ein heilt ny profil. Medan det tidlegare var eit typisk ungdomshotell, ønskjer ein no å profilere seg som eit familiehotell. Det er det svenske aksjeselskapet Bergrådet Hemsedal A/S som eig Hemsedal Hotell og som har finansiert ombygginga. Hotellet skal framleis drivast av Pers Eiendom A/S. På biletet er frå venstre Bengt Andersson som representerer dei svenske eigarane, driftsdirektør Hilma Borge og styreformann i Pers Eiendom A/S, Torbjørn Rustberggard. Hallingdølen 16. januar 1990 |
|||